Strindheim Aktiv

Vårt visjon er “Flest muleg – lengst muleg”. For å leve opp til denne er det viktig å ha eit tilbud til alle. Aktiv gruppa skal vere for dei som ønskjer å halde seg i god form og synest ski og skitrening er ein fin måte å oppnå det på. Ambisjonsnivået i gruppa vil naturlegvis sprike kraftig frå dei som meiner det å vere i form betyr å kunne gå og muligens hevde seg i “SkiEnern” eller “Marka Rundt” til dei som er fornøgde med å kome gjennom same løypa dagen før, eller etter eller i trimklassen. Treningstilbudet vil og variere og vere delvis sjølvorganisert av medlemmene. I første omgang har vi no foreldre trening tysdagar samtidig og på same plass som ungane trenar. Her er ambisjonnivået like sprikande frå dei som pustar andre tungt i nakken til dei som tek ein roleg tur. Vi blir gjerne fleire i alle kategoriar. Tilbudet når vi kjem på ski vil innhalde litt kondis og litt teknikk