NB VIKTIG: “Klubben betaler” mulegheita i min idrett er tigjengeleg inntil 1 døgn før påmeldingsfristen går ut. Etter dette må du betale sjølv og sende faktura og kontonr til kontaktperson i di gruppe. Dette betyr mykje ekstraarbeid for mange. De skal difor melde dykk på seinast eit døgn før påmeldingsfrist.

Det er blitt vanlegare at skirenn arrangører vil ha inn startkontigenten i forkant og vha min idrett. Vi har tenkt å gjere det på denne måten sjølv også for både Strindheimstafett og Strindheimrenn denne sesongen. Det reduserer administrasjon omkring fakturering og vi slepp purre om att og omattatt for å få inn pengane. MEN mange lurer på om ungen er påmeldt når dei får melding om det motsatte inntil klubben har betalt.

SLIK GJER DU OG SLIK SKJER DET VIDARE:
Når du melder på og krysser av at klubben betaler som du skal gjere, vil det gå ein epost til påmeldingsansvarlege i klubben. Vi er fleire påmeldingsansvarlege så byrden kviler ikkje på ein åleine. Vi samlar fleire påmeldingar og må betale samla innan påmeldingsfristen. Skulle det mot formodning skje at noko har gått gale og de kjem renndagen og ikkje står på startlista…då må de snarast ta dette opp med rennkontoret, betale kontant, få kvittering og sende denne til kontaktperson i gruppa som syter for at de får refundert summen.

Lykke til.

 


Kommentarer

Påmelding til skirenn — Ingen kommentarer

Legg inn en kommentar

rfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-slide
Hopp til verktøylinje