generelt
grupper
renn
organisasjon
diverse
Denne sida inneheld informasjon for dei som er født i 1995 og 1996.
Trenarar | Informasjon | To-vekers plan | Treningsfilosofi | Rennpåmelding | Utstyr | Bilder | Registrering
Arnhild Skaanes (kontaktperson), Georg Hernes, Morten Bostad, Robert Witry og Nils Arild Ringheim.
Vi har fast treningtidspunkt tirsdagar og torsdagar kl. 18:30-20:00. I tillegg har vi på hausten ofte treningar eller andre aktivitetar i helga, sjå plan for to veker nedanfor. Før snøen kjem har vi ei blanding mellom barmark, rulleski/skøyter og innetrening. Når snøen kjem, startar vi med skitreningar i Granåsen. Normalt vil informasjon om treningstid, -stad og -utstyr stå i planen. Endringar og påminningar vil bli varsla pr e-post til dei som står på gruppa sin liste.
For å kome på gruppa si e-postliste må de fylle ut registreringsskjemaet nederst på sida.
Alle som følgjer våre treningar, må vera medlem i Strindheim IL og betale treningsavgift til Strindheim Ski. Sjå Medlemskapsidene for meir informasjon.
Nedafor finn du ein plan for dei neste to vekene med treningstidspunkt, type trening, stad for oppmøte osb. Denne blir oppdatert kvar veke.
| Veke | Tirsdag | Torsdag | Lørdag/søndag |
|---|---|---|---|
| 14 | Klubbmesterskap Yatzy Elgsethytta kl 1900. Start frå Storsvingen kl 1800. |
Sesongavslutting Granåsen kl 1800 alle grupper. |
ST-cup 6 Rennebu 4. april. |
| 15 | Påskeferie | Påskeferie |
Påskeferie |
Vi avsluttar fellestreningane i veke 14 og takkar alle for følgje gjennom vinteren. |
|||
| |||
| Link til Skiklubben si føremelding. Link til verstasjon i Granåsen. | |||
Påmeldingar: | |||
Vi ønskjer flest ungar med lengst mulig, og prøver derfor å legge opp treningane slik at alle kan få utfordringar på sitt nivå. Trenarane oppmodar ungane til å møte på dei organiserte treningane, dersom ikkje dette kolliderar med andre aktivitetar. Ungane er framleis i ein alder som er ideell for å prøve andre idrettar. Trenarane oppmodar derfor til allsidig idrettsdeltaking og daglig fysisk aktivitet.
Dette er berre retningslinjer frå trenarane: Foreldra må saman med ungane finne ut kva som høver deira barn.
Informasjon om rennpåmelding finn ein under påmelding. Ein oversikt over anbefalte renn for vår gruppe er distribuert på e-post. Vi oppmodar flest mogleg til å delta på renn i vinter, men dette er sjølvsagt heilt frivillig. Anbefalingar om antal renn frå Noregs Skiforbund for vår aldersgruppe er 5-12 skirenn i løpet av vinteren. Alle bør også delta på klubbrenna i løpet av vinteren, som er flott trening og ein fin arena for å byrje med skirenn.
Vi minner om at alle som skal delta i terminfesta skirenn må ha gyldig NSF Skiforsikring. Dette gjeld frå og med den dagen ein fyller 13 år (barn forsikrast gratis via Noregs Idrettsforbund barneidrettsforsikring til den datoen dei fyller 13 år). Meir informasjon om skiforsikring på Skiforbundets side (vilkår, betalingsinformasjon mm).
Merk at ein no kan ordne forsikringa sjølv, utan å gå gjennom ein av skiavdelinga sine oppmenn.
Det er ingen krav til utstyr, men vi oppmodar til følgjande utstyr: