generelt
grupper
renn
organisasjon
diverse
Dette er gruppa for de som er født i 1994 og 1995.
Trenarar | Informasjon | Treningsoppmøte | Rennpåmelding | Bilder
Annebeth Askvold, May Hofstad, Axel Trøen, Vebjørn Rodal, Ståle Høyem, Per Egil Skåre og Nils Arild Ringheim (kontaktperson).
Vi startar opp barmarkstreninga tirsdag 17 oktober, dvs 1. veka etter haustferien.
Treningstider er normalt tirsdagar og torsdagar kl 1830-1930. Før snøen kjem har vi barmarkstrening. Her varierer vi mellom innandørsaktivitetar i hall og utandørsaktivitetar med joggesko, eventuelt rulleski eller –skøyter. Når snøen kjem, startar skitreninga i Granåsen.
All informasjon til gruppa, som td endringar av treningsstad, stilart osb blir berre varsla pr e-post. Det er derfor viktig at alle står på e-postlista til trenarane. For å koma på denne lista: Send e-post til nri@broadpark.no, med opplysningar om namn, fødselsår, telefonnr og epostadresse.
Trenarane oppmodar ungane til å møte to gonger i veka på trening, dersom ikkje dette kolliderar med andre aktivitetar. Ungane er no i ein ideell alder for å prøve ut fleire idrettar. Trenarane oppmodar derfor til allsidig idrettsdeltaking. Dersom dette gjer at ungane ikkje kan møte på skitrening to gonger i veka, betyr det lite. Det viktige er å vera i aktivitet og ha det moro. Dette er berre retningsliner frå trenarane: Foreldra må saman med ungane finne ut kva som høver deira barn.
Informasjon om rennpåmelding finn ein på påmelding. Ein oversikt over anbefalte renn for vår gruppe er distribuert på e-post. Vi oppmodar flest mogleg til å delta på renn i vinter, men dette er sjølvsagt heilt frivillig. Anbefalingar om antal renn frå Noregs Skiforbund for vår aldersgruppe er 6-12 renn i løpet av vinteren.